Aktivitetsdag og idrettsdag


Fredag 13. juni er det aktivitetsdag i Eidsdal for 1. - 4. klasse, samt idrettsdag i Valldal for 5. - 10. klasse. Her er litt meir informasjon om dagane:

Aktivitetsdag for 1. - 4. klasse

Tid

Aktivitet

0835 - 0900

Felles oppstart av dagen – presentasjon og songleikar.
Dalsbygda og Eidsdal er utfordra til å bidra med ein songleik kvar. I tillegg blir det presentasjon av elevane og lærarane. Dette gjer vi i ballbingen.

0900 – 1045

Gruppeaktivitetar
* Fotball i ballbingen
* leikar på ungdomssteget (t.d. stiv heks, sisten, hauk og due, nappe hale)
* Friidrett på nedre del av idrettsbana (lengde, liten ball, 40 m)
* slåball på øvre delen av idrettsbana
* uteleikar på barnesteget, dvs. bruke leikeapparata vi har
* 17. mai-leikar på ungdomssteget (t.d. sekkeløp, potetløp, kaste på boks)

1045 - 1130

Matpause
Ta med matpakke, skulen ordnar med drikke og frukt.

1130 – 1200

Stafettar (6 lag á 8 stk)
Etappane er tenkt slik:
1. Springe
2. Springe bakover
3. Potet på skei
4. Hoppetau
5. Kinahatt på hovudet
6. Droppe ball
7. Hinke
8.  Lærar (2 skeier og 2 poteter)

1200 - 1300

Stjerneorientering
Dei same gruppene som tidlegare på dagen.

1300 - 1400

Fri bruk av uteleikane ved Eidsdal skule.
Elevane kan gjere det dei synest er kjekt. Alt av uteleikar står til deira disposisjon.

Elevane må ha med seg matpakke, samt passande klede og sko.

 

Idrettsdag - 2008

Det vert med dette invitert til idrettsdag på Valldal stadion fredag 13. juni.

Hovudaktiviteten blir ei fotballturnering og ei volleyballturnering.

I tillegg blir det ein obligatorisk del med orientering/natursti for alle elevar. Innimellom desse aktivitetane blir det oppfordra til å gjennomføre 60 meter, lengdehopp og kulestøyt. Det vil også ligge framme utstyr til både styltregåing og hesteskokasting.

Fotballturneringa:

Det skal vere 5 på kvart lag, med 1 eller 2 innbytarar. Det blir blanda lag med spelarar frå både nord-/og sørsida av fjorden.

mellomsteget blir det miksturnering med minimum 2 frå kvart kjønn og fortrinnsvis spelarar frå kvart klassetrinn.

Ungdomsskulen har både jente-/og guteklasse, men også her gjeld det å ta med spelarar frå alle klasser. For å vere sikra mest mogleg jamne lag, vil vi kontakte skulane for å planlegge laga.

Volleyballturneringa:

4-6 spelarar på kvart lag (fleksibelt) – spreiing i alder, kjønn og skule på lik linje med fotballturneringa. Her blir det berre miksklasser, både for mellomsteget og ungdomssteget.

Det er sikkert nokon som ønskjer å vere med både på fotball og volleyball.

Det er påmeldinga til desse aktivitetane som blir avgjerande for om vi klarar å få til dette. Elevar som ønskjer å vere med på begge delar, må sete eit 1-tal ved den aktiviteten som dei helst vil vere med på og eit 2-tal ved den andre. 

Fjelltur:

Det vert også i år tilbod om fjelltur. Det blir behov for lett sekk, joggesko/fjellsko, drikkeflaske og mat. Turen vil gå i variert terreng på sti.

(Kle deg for fjelltur). Gjer for ordens skuld merksam på at den som er med på tur ikkje får høve til å delta på andre ting da turen varer heile dagen.

Retur til skulen/Sylte seinast til kl. 13.30.  

Viss du vil vere med på fjellturen set du X  i påmeldingsskjemaet.

 NB! Klassa med høgast deltaking vil bli premiert. (ei klasse på mellomsteget og ei på ungdomssteget)

 DAGSPLAN:

08.30                  Ferje frå Eidsdal

09.10               Informasjon på oppsida av klubbhuset

09.20-11.00   Aktivitetar * Vi legg opp til følgjande friidrettstilbod: 60 meter,  lengdehopp, kulestøyt, natursti (5.-7. kl) / orienteringsløype (8.-10.kl.)

I tillegg kjem aktivitetar som styltreløp, hesteskokasting m.m.

* Det blir laga eit kampoppsett for dei ulike turneringane. Elevane må sjølve innpasse dei andre aktivitetane mellom kampane sine.

11.00-11.30   MATPAUSE

 11.30-13.15  Aktivitetane held fram

13.20     «Sørsida» må forlate oss for denne gong. Ferje frå Linge 13.50

 NB! Elevane må sjølve ha med det dei treng av mat og drikke. IKKJE GODTERI !!!!

Det blir ikkje sal av kioskvarer på idrettsdagen.

Kontaktpersonar for idrettsdagen:

 Per Jomar Nerli                    pene@norddal.kommune.no

Kristin Kjerstad Håseth     krkj@norddal.kommune.no

Tove Maude                       toma@norddal.kommune.no

Tor Erik Jarvik                      toja@norddal.kommune.no

 

Forsida

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 10.06.08