Ekornes i 100


Onsdag 8. mars var det skulekonsert på Eidsdal skule. Vi hadde fått besøk av slagverkar Kenneth Ekornes frå Sykkylven. Han hadde med seg 100 trommer og presenterte rytmer frå 100 land på instrument som var opp til 100 år gamle.

Det vart ein skulekonsert av det uvanlege slaget, då all musikk vart laga under konserten. I tillegg til Eidsdal skule var det elevar frå Dalsbygda skule og Geiranger skule til stades på konserten.

Kenneth Ekornes spelar til vanleg bl.a. saman med Mari Boine, Trio de Janeiro, Nymark Collective og Føyk. Hobbyen hans er å samle på slaginstrument og "dingeldangel" frå heile verda.

Det vart ein artig og aktiv konsert. Elevane fikk også vere deltakarar.
Slangedansen var populær. Presentasjon av ein ekte slange.
Musikaren og alle instrumenta hans.

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 6.4.06