Fellesmåltid 6. oktober 2005


Torsdag 6. oktober inviterte 9. klasse alle på skulen til eit fellesmåltid i gymsalen frå 1100 til 1130. Heimkunnskapselevane hadde laga gjærbaksten på kveldstid. Dei hadde dekt på småbord, bakt rundstykke og ordna med pålegg. Pernille og Tore ynskte velkomen til bords - og Torkil var forsongar under bordverset!

5. - 7. klasse hadde tidlegare på dagen vore i Gjert-garden og plukka epler og plommer.

Vel utført alt saman - og takk for mat!!

Gymsalen er fylt av svoltne elevar og tilsette. Her var det mykje godt!
Vi nyt maten vår. Frukt er sunt året rundt!
Harald og gutane et godt. Egg er veldig godt!!
Sjølv unggutane treng litt god mat. Det gjer også jentene.

 

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 19.10.05