Haustdagane 2007
Torsdag 4. og fredag 5. oktober var det haustdagar ved Eidsdal skule. På desse sidene får de sjå litt av det vi gjorde på.
Fellesmåltid i gymsalen
Torsdag 4. oktober kl. 1100 var det klart for fellesmåltid i gymsalen. 8. og
9. klasse hadde bakt horn, bollar og rundstykke. Kakao hadde blitt kokt og borda
pynta i gymsalen.
Fotballturnering
Etter at vi hadde ete oss gode og mette, var det klart for fotballturnering.
Vi hadde 2 avdelingar: ei for 3. - 7. klasse og ei for ungdomssteget, samt
foreldre og lærarar. Alv Ivar stilte på som dommar saman med elevar og lærarar.
Resultat frå fotballturneringa: Lag 4 vart vinnar av turneringa for 3. - 7. klasse. Foreldra vant turneringa for dei eldste... som vanleg.
Mini-idrettsdag
Fredag morgon var 5. - 7. klasse instruktørar for dei yngre elevane på skulen.
Dei dreiv med vanlege friidrettsaktivitetar som lengde, kast liten og stor ball,
60 meter. Vi har diverre ikkje bilde frå denne aktiviteten.
Folkevisedans
1. og 2. klasse hadde besøk av nokre foreldre som lærte dei nokre
folkevisedansar. Hovudlærar var Kjell Narve. Nedanfor kan de sjå ein del bilde
frå denne aktiviteten.
Etter at 1. og 2. klasse hadde dansa seg sveitte, fikk dei roe seg ned med litt kake og saft. Foreldra hadde baka og tatt med seg til skulen.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Baking
5. - 7. klasse hadde besøk av nokre mødre som laga råmjølkskjeks og
marsipanfigurar saman med dei. Gunhild, Jannike og Anette stilte opp og laga god
mat saman med elevane.
Symjing
3. og 4. klasse reiste på symjing dei tre siste timane fredag, fordi dei miste
symjinga fredagen føre pga. gravferd.
Stjerneorientering
Ungdomssteget hadde stjerneorientering dei siste timane. Steget var delt inn i 4
lag som konkurrerte mot kvarandre i kunnskapsspørsmål. Vinnarlaget var Ane,
Karoline, Michiel, Kaj Arne og Kristian. Etter at elevane var ferdig med
stjerneorientering spelte dei slåball.
![]() |
![]() |
| Vinnarlaget: Karoline, Ane, Kristian, Michiel og Kaj Arne. | Premien var Twist, det måtte reknast ut kor mykje kvar elev skulle få. |
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 11.10.07