Haustdagar 2008


I veke 40 vert det Haustdagar i 5. - 7. klasse, og på fredag 3. oktober vert det OPEN DAG dei tre siste skuletimane. Dette vert for heile skulen, og vi inviterer foreldre, besteforeldre og søsken til å vere saman med oss då.

Tysdag 30. september blir det orientering på Lilleås for 5. - 7. klasse første del av dagen. Deretter blir det tur til Kleiva, med stogg på Veibergssætra. Der får dei sjå inn i selet og høyre litt om sætringa der. Elevane tek skulebussen heim frå Kleiva.

Onsdag 1. oktober syklar mellomsteget til Linge. Dei tar ferja kl. 1000, med retur heim på ferja kl. 1350. På Linge får elevane informasjon om Lingegardane og fruktdyrkinga der, samt plukke frukt.

Fredag 3. oktober vil vi markere "Gå-til-skulen-dagen" i staden for den offisielle datoen 16.10. Vi oppmodar alle elevar og lærarar til å gå eller sykle til skulen den dagen. Vi veit at det er langt for nokre, og bussane vil gå, så dette er ikkje noko ein blir tvinga til å vere med på. Om nokon vil ha følgje, startar Merete heimanfrå kl. 0730 og går Hauråsa. Tone går frå Kleiva kl. 0720.

I 3. skuletime vert det fellesmåltid for elevane på barnesteget (tillaga mat frå skulekjøkkenet - treng ikkje matpakke), medan ungdomssteget får det same tilbodet i matfriminuttet.

Dei tre siste timane er òg foreldre, besteforeldre og søsken velkomne til skulen. Då samlast vi på idrettsplassen til uhøgtidleg fysisk aktivitet, og vi vonar at også andre enn skuleelevane kler seg til å vere med! For dei yngste elevane vert det ei slags orienteringsløype der dei skal finne postar på skuleområdet, og så vert det enkle oppgåver med riming. Etterpå vert det ei økt med uhøgtidlege leikar og konkurransar saman med nokre lærarar - og vonleg nokre foreldre òg... Kanskje vert det òg høve til å prøve seg i ei hinderløype?

For elevane frå 3. klasse og oppover legg vi opp til ballspel med m.a. slåball, fotball og kanskje sandvolleyball. I tillegg vert det ei hinderløype der alle kan få prøve seg med eller utan tidtaking. Her arrangerer vi samstundes Skulemeisterskap i basisdugleik!

Vi vil gjerne få til lag med lærarar og/eller foreldre som kan spele mot elevane i slåball/fotball (evt. volleyball). Flott om dei som kan tenkje seg å vere med gjev beskjed til Merete - og ver no ikkje tungbedne - send meg ei tekstmelding (99376585) og bli med! Elles vil vi òg setje pris på at nokon hiv seg med i aktiviteten med dei yngste, og/eller kan hjelpe til.

 

Forsida

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 30.09.08