Juleverkstad 2007


Onsdag 5., torsdag 6. og fredag 7. desember var det juleverkstad på Eidsdal skule. Temaet for årets juleverkstad var "Juleførebuing og jul i gamle dagar". Føremålet med verkstaden var
- å lære om juleførebuing og julefeiring i gamle dagar
- å kome i kontakt med og lære av andre lærarar frå bygdene våre
- å ha det kjekt og sosialt i lag, hjelpe kvarandre og lære av kvarandre

Skulen var delt i to grupper desse dagane: 1. - 4. klasse var for seg og 5. - 10. klasse var for seg. Her får de litt informasjon om kva gjorde på desse dagane, samt at lenkane nede til venstre er til bildesidene. Det er laga eit fotogalleri for kvar enkelt dag. Dersom det er nokon elevar eller føresette som ønskjer bilda, kan dei berre kopiere fritt.

Dag 1. - 4. klasse 5. - 10. klasse
Onsdag 5. - julebakst i steikeomn og med jarn
- julekort i gamal stil
- spikke nissar
- fiske
- lysstøyping
- figursløyd
- adventslysestake
- takkebaking
- vedhogst
- julekakebaking
Torsdag 6. - øve på julesongar
- får besøk av pensjonist som fortel om juleførebuingar i gamle dagar
- 3. og 4. klasse øver på og framfører julespel
- grautmåltid i gymsalen
- julesong, gamle leikar og smak av julebakst
- vedhogst
- sopelimbinding
- stofftrykk
- figursløyd
- lysstøyping
- julekort
- og ikkje å forgløyme - grautkoking og eting!
Fredag 7. - trådnissar og trådenglar
- julefigurar av tremateriale
- lysdypping
- mjølkemat/julekakebaking
- adventslysestake
- figursløyd
- julekort
- trådenglar og trådnissar

Dette året hadde vi også besøk av mange flinke instruktørar/medhjelparar, ei stor takk til desse: Oddmar, Petter, Elisabeth B, Elisabeth G, Belinda, Janne Stine, Sandy, Wenke, Gerd, Vidar, Ingvill, Anne, Kirsti, Gunhild, Jannike, Monika, Torill Karin, Claus-Peter, Harald S og Harald F.

Her kan de sjå nokre av nissane som vart laga:

       

Bilde frå onsdag 5. desember
Bilde frå torsdag 6. desember
Bilde frå fredag 7. desember

 

Forsida

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 18.12.07