Juleverkstad 2005 - barnesteget


Mandag 12. desember hadde 1. – 7. klasse juleverkstad. Elevane vart då sett saman i blanda grupper, og alle gruppene skulle innom 3 ulike aktivitetar. Dagen var delt i tre økter med to ½- times matpausar innimellom.

På ein aktivitet skulle dei prøve seg på glasmåling. Dei dekorerte eit stort sylteglas med fine fargar og mønster og på lokket laga dei eit nissehovud. På neste aktivitet laga dei glitrande englar av ulike slag. Dei skulle også innom filt- aktivitet. Der kunne dei lage hjarte, kakemenn, julestrømper, bokmerke og mykje meir  -av filt.

I siste matpausen samla vi oss på musikkrommet til eit lite fellesmåltid med kakemenn og lusekattar som elevane hadde baka tidlegare. Ein triveleg og innhaldsrik dag for elevar og lærarar. Det var fint at også nokre foreldre hadde teke seg tid til å vere saman med oss.

Merete hjelper elevane med filten. Djup konsentrasjon på glasmålarane. Vi er godt nøgde med resultatet!
Ein engel Peparkakemenn og julestrømper i filt. Resultatet av glasmålinga.
   
  Gutane likar godt lusekattar, i alle fall nisseguten!  

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 20.12.05