Klassefest 9. og 10. klasse


Torsdag 7. april arrangerte 9. og 10. klasse ved Eidsdal skule fest for familie, kjende og lærarar. Dei hadde tidlegare i vinter bestemt i klasseråd at dei skulle ha ei prosjektveke, som skulle avsluttast med ein fest.

Då ein var klar til fest hadde det møtt opp om lag 40 personar på musikkrommet ved Eidsdal skule. Det var eit par dagar usikkert om det vart fest pga. problem med varmen i gymsalen. Men festen vart flytta til musikkrommet og der vart det meir intimt for både elevane og publikum.

Det var lagt inn ein pause i programmet, slik at publikum kunne få kjøpe seg litt mat og drikke. Elevane hadde laga rundstykke, kaker, saft og kaffi. Maten gikk ned på høg kant. Foreldre, søsken, kjende og lærarar hadde eit par hyggelege timar på musikkrommet torsdagskvelden.

Kveldens program:

- Dar kjem dampen
- Kyllingdansen
- Stand up
- Tornerose (ny versjon)
- Ola Tveiten
- Knockin' on heaven's door
- SongQUIZ
- Det går likar no
- Tenke sjæl

 

Kveldens programleiar Dar kjem dampen
Musikalsk konkurranse Kyllingdansen har ikkje gått i gløymeboka
Stand up var det også plass til Ola Tveiten
 
  Det går likar no!

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 21.04.06