Temakveld om kosthald
Måndag 28. april inviterte God Helse Norddal, i samarbeid med Eidsdal barnehage, Dalsbygda skule og barnehage og Eidsdal skule, føresette og tilsette til ein temakveld om kosthald. Innleiarar var tannlækjar Markus Haberberger, som fortalte om prosjektet "Tenner for livet". Temaet var tannhygiene, tannpuss, fluor og vatn.
Institusjonskokk Tone Anita Åbelvold var den andre innleiaren, ho er tilknytt ressursgruppa for kosthald innan God Helse-programmet i Møre og Romsdal. Hennar fokus var på måltid og matpakker, og om korleis ein skal setje saman eit ernæringsmessig rett måltid. Etter hennar innlegg vart det praksis på skulekjøkkenet, kor ein laga matpakkar og fruktpakkar.
![]() |
![]() |
| Markus Haberberger | Mange gode råvarer. |
![]() |
![]() |
| Tone Anita Åbelvold | Godt i gang med fruktposane. |
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 13.05.08