Kulturminneåret 2009
I kulturminneåret 2009 har Eidsdal skule arbeidd med eit stort lokalt kulturprosjekt, og i samband med avlutninga av skuleåret inviterer vi med dette interesserte til å kome på skulen og studere resultata av arbeidet vårt.
Grupper av elevar har m.a. arbeidd med følgjande emne:
· Fabrikkane i bygda gjennom 100 år
· Lokale diktarar
· Målarkunstnarar i bygda
· Lokale stadnamn
· Lokale ord og uttrykk, segner, gåter og leikar
· Gamle bilete
UTSTILLINGANE
BLÅROMMA Biletkunst og kunsthandverk.Her kan
bilete av våre lokale kunstnarar Ole T. Ytterdal, Per Kleiva og Iselin Kleiva
studerast og beundrast.
Eit spanande måleri av Th. Brekke blir
presentert for første gong, dessutan måleriet Tørkeaar 1910 av Olav
Grønningsæter.
GRØNEROMMET DIKTARHOLA
Det blir høve til
”gjensyn” med fleire av våre lokale diktarar gjennom PowerPoint-presentasjonar.
Presentasjon av gamle gåter, rim og reglar.
MUSIKKROMMET Utstillingar av produkt frå industriverksemdene våre gjennom 100 år (OG EV. BIBL) og presentasjonar (hefte) av desse. Gamle bilete frå bygda vår, m.a. ”identifisert” bilete frå innviinga av Lidarheim i 1909, noko som vi vonar vil lokke mange av den eldre årgangen …..
NATURFAGROM Her blir det kafè med høve til å kjøpe både vått og tørt.
OPNINGSTIDER FOR UTSTILLINGANE
Tysdag 16. juni Klokka 1600-1900 Kafeansvar: 3-4. klasse/Hilde/Ragnhild/Wenche
Onsdag 17. juni Klokka 1600-1900 Kafeansvar: 1-2. klasse/Tone/Solgunn
Torsdag 18. juni Klokka 1730-1930 Ikkje kafe denne dagen.
NB: Utstillingane er gratis. Gleda er på vår side over at DU kjem og vonalegvis finn noko frå lokalhistoria vår som er interessant for DEG !
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 15.06.09