Det lydlause kor


Vi hadde utstillinga ”Det lydlause kor” på skulen vår 23. – 26. september. Dette er ei samling av 16 oljemaleri av kunstnaren Trine Røssevold. Kvart bilete viser eit ansikt, og saman skal bileta danne eit kor. Elevane skulle samarbeide rundt desse bileta og setje dei saman til eit kor slik at alle ansikta/ menneska vart inkludert, vart ein del av fellesskapet. Etterpå fekk elevane sjølve prøve å måle ansikt på ulike måtar.

Elevane i 3. og 4. klasse jobbar med å lage eit kor av alle bileta.

Elevane på mellomtrinnet skulle sjå etter orginalane og prøve å måle bileta sine så likt som mogeleg. Her er resultata.

I 8. klasse jobba vi med masker. 9. og 10. klasse skulle teikne seg sjølve der dei hadde ulike ansiktsuttrykk.

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 19.10.05