Matematikkens dag 2009
Torsdag 5. februar er det matematikkens dag ved Eidsdal skule. Her finn de meir informasjon om denne dagen:
På mattedagen skal elevane delast inn i ulike aldersblanda grupper. Vi skal halde på med aktivitetar som er knytte til matematikk heile dagen (Vanleg undervisning går ut).
Ved skulestart møter elevane på klasseromma sine og får vite kva gruppe dei skal vere i og kvar dei skal møte.
Dagen er tenkt slik:
08.35- 10.05: 1.ØKT. Inndeling i tre grupper: 2.-4.kl., 5.-7.kl. 8.- 10.kl.
10.05 – 10.35: Matpause + frukt og friminutt
10.35 – 12.05: 2. ØKT. Inndeling i to grupper: 2.-6.kl., 7.-10.kl.
12.05 – 12.35: Matpause og friminutt.
12.35 – 14.05: 3. ØKT. Same gruppedeling som i økt 2.
Det er viktig at elevane har med mat til to matøkter, gjerne litt ekstra drikke også.
Aktivitetane denne dagen er knytte til tema: tal / geometri, spel og praktiske/ fysiske aktivitetar. Alle aktivitetane vil vere innandørs for 1. – 6. klasse. Ungdomssteget skal vere ute siste økta om veret er ok, så ta med varme ytterkle.
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 04.02.09