Matematikkens dag 2010
Måndag 15. februar skal vi ha matematikkdag på Eidsdal skule heile dagen. Dalsbygda skule kjem òg til Eidsdal for å vere med på denne dagen.
NB! Siste del av dagen skal vi vere ute og halde på med ulike aktivitetar, delvis i snøen. Alle må difor ha skikkelege klede: vinterjakke og boblebukse, ev. dress, og hue og vottar!
Dagen vert delt i tre
økter:
Økt 1: 8.35-10.05 (inne)
Økt 2: 10.35-12.05 (inne)
Økt 3: 12.35-14.05 (ute)
Mellom kvar økt vert det ein halv times pause, som både må nyttast til eting og til vanleg friminutt.
Økt 1 og økt 2
Felles for 1. klasse til 3. klasse
(19 elevar) – nyavdelinga og musikkrommet (møt opp på nyavdelinga).
Felles for 4. klasse til 6. klasse (32 elevar) – gule og grøneromma (møt opp på
gulerommet)
Felles for 7. klasse til 10. klasse (29 elevar) – på blåromma (møt opp på store
blå).
Økt 3:
Her blandar vi elevar frå alle
alderssteg i mindre grupper, og vi skal vere ute heile økta. Alle elevane møter
opp på asfaltplassen på sydsida av gymsalbygget straks det ringer inn etter
andre økt. Her vert dei delte inn i to store grupper som igjen vert delt inn i
grupper på 4-5 elevar.
Mål for aktivitet er matematisk kunnskap, men også sosialt samvær.
Den eine hovudgruppa skal vere oppe på idrettsbana og halde på med ulike aktivitetar delvis i smågrupper, den andre skal vere på området rundt skulen og halde på med skattejakt i smågrupper. Hovudgruppene bytter område etter halve tida. Det blir då ca 30 – 40 min effektiv tid på kvar del.
Matpause/friminutt
Fyrste friminutt vert det frukt +
høve til å ete niste for dei som ynskjer det (ta med nok mat og ev drikke til
denne økta). Etterpå vert det å vere ute. I det andre friminuttet vert
skulemjølka delt ut, elles må elevane ha med seg mat sjølve. Når maten er eten,
er vi ute.
Gjettekonkurranse på
biblioteket – stikk innom i friminutta
På biblioteket vil det vere laga til
for ein rein gjettekonkurranse. Vi oppmodar alle elevane om å stikke innom og
gjette på ”dagens luring”, og skrive sitt tips/svar på ein lapp saman med namnet
sitt. Lappen må leggast i svar-eska, og vi kårar den/dei heldige vinnarane på
slutten av dagen.
Felles avslutting i
ballbingen
Kl. 14 samlar vi alle elevar og
lærarar i ballbingen, og her vert det premiar til vinnarane av
gjettekonkurransen.
HUGS Å TA MED
Tordis, Leif Martin, Merete, Hilde
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 71 63 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 12.02.10