Besøk frå politiet


Onsdag 5. oktober 2005 fikk 1. klasse besøk av lensmannsbetent Johan Arnt Overøye frå Stranda og Norddal lensmannskontor. Han kom på motorsykkel over fjellet frå Geiranger og hadde med seg refleksvestar til elevane i 1. klasse.

Han snakka litt med 1. klassingane om korleis dei skulle oppføre seg i trafikken. Dei lærte kva for ei side av vegen dei skal gå på, det er den sida politimerket er på refleksvesten. Til slutt fikk alle elevane sitje på politimotorsykkelen, noko som var svært populært.

Overøye forklarer litt om politimotorsykkelen. No veit vi korleis vi skal gå på vegen.
Heile gjengen fikk prøve motorsykkelen samtidig! Kanskje eg ein gong skal bli politi??

 

Forsida | Informasjon om skulen | Fagsider | Klassesider | Halvårsplan hausten 2005

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.

sist oppdatert 5.10.05