Besøk frå politiet - onsdag 20. september 2006
Onsdag 20. september fikk 1. klasse besøk av lensmannsbetent Johan Arnt Overøye frå Stranda og Norddal lensmannskontor. Han kom på motorsykkel over fjellet frå Geiranger og hadde med seg refleksvestar til elevane i 1. klasse. Refleksvestane er ei gåve frå Politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen, Fylkestrafikktryggingsutvalet i Møre og Romsdal, samt frå våre lokale sponsorar: Brødrene Tafjord, Indreeide Mekaniske Verkstad og Storfjord Rørservice. TUSEN TAKK TIL DEI!!
Overøye snakka litt med 1. klassingane om korleis dei skulle oppføre seg i trafikken. Dei lærte kva for ei side av vegen dei skal gå på, det er den sida politimerket er på refleksvesten. Til slutt fikk alle elevane sitje på politimotorsykkelen, noko som var svært populært.
![]() Så godt viser vestane i mørkret. |
![]() |
![]() |
Her har alle fått prøve vestane og sykkelen!!! |
| Vi vil prøve sykkelen!!! | Johan Arnt Overøye frå Stranda og Norddal lensmannskontor |
![]() Vi må prøve vestane med ein gong! |
![]() |
Forsida | Informasjon om skulen | Halvårsplan hausten 2006
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 10.10.06