Tafjordfjellturen 2006
DRAMATIKK I FJELLET, eller DRAMATISK SKULETUR ?
I år var det femtande gongen Eidsdal skule har starta opp skuleåret med tre dagars vandring i Tafjordfjella for ungdomsskuleelevane.
Ruta i år var Billingen – Veltdalshytta – Reindalen.
Denne gongen vart turen noko meir dramatisk enn vi hadde ønskt på førehand, fordi Ane i 9. klasse fekk ein tung stein nedover foten sin ved fremste Veltdalsvatn. På grunn av dette såg vi oss nøydde til å ”rekvirere” ein robåt som låg kvelva der og nytte denne til transportmiddel. Ein sjøvand 10. klasse-gut rodde henne til andre enden av vatnet der spreke medelevar bar båten over ”stokk og stein” ned til heimste Veltdalsvatnet der ho vart rodd vidare til Veltdalshytta.
Vi hadde von om at skaden ikkje var verre enn at Ane kunne klare turen til Reindalen neste dag. Men då dette synte seg uaktuelt, var ikkje anna råd enn å ringe etter helikoptertransport. Røntgenundersøkinga på sjukehuset konstaterte skade utan brot. Dermed kunne vi sjå tilbake på opplevinga som ei dramatisk og minneverdig hending med ”Happy End” !
![]() |
![]() |
![]() |
| Båt-bering over reset mellom Fremste og Heimste Veltdalsvatn | For sikkerheits skuld får Ane støtteskinner rundt beinet |
Helikopteret er snart klar til ”take off”. |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Utsyn frå Veltdalshytta mot Fieldfare-hytta og Naushonnet kneisande i bakgrunnen. |
Inne i Fieldfare-hytta. | Har vi dekning???? |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Bålbrenning og bading i og ved Reindalssetra: Aslak, Glenn Øystein og Simen |
Trolsk stemning ved Reindalssætra. | Frukost på Reindalssætra. |
Forsida | Informasjon om skulen | Halvårsplan hausten 2006
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 5.10.06