Arkiv - gamle saker
Munnleg eksamen
Elevane i 10. klasse kom opp i
naturfag og samfunnsfag. Munnleg eksamen er torsdag 5. juni.
Førskule
Torsdag 5. og tysdag 10. juni er det
førskule ved Eidsdal skule. Solgunn vil vere saman med dei nye førsteklassingane
desse dagane.
Eksamen for 10. klasse
Fredag 16. mai kl. 0900 fikk elevane
i 10. klasse vite kva fag dei skal ha eksamen i. I år kom dei opp i norsk.
Onsdag kl. 1300 blir førebuingsdelen tilgjengeleg for elevane. Torsdag 22. mai
var det førebuingsdag på skulen. Eksamen vart halden i gymsalen fredag 23. mai.
Temakveld om kosthald
Måndag 28. april var det temakveld
om kosthald på Eidsdal skule. Meir informasjon om kvelden kan de finne
her.
Polentur
9. og 10. klasse reiser på tur med "Hvite
Busser til Auschwitz" torsdag 24. april. Turen startar med ferje frå Linge kl.
2130 torsdagskvelden. Elevane er tilbake om morgonen den 5. mai.
Revy på husa
Laurdag 12. april kl. 1500 inviterer
10. klasse til revy på grendahuset i Norddal. Song og sketsjar har dei øvd på i
fleire veker. Inngangen kostar 50 kr for vaksne og 30 kr for barn. Etter revyen
blir det moglegheit for å få kjøpt seg kaker og kaffi. Bilde frå revyen kan
sjåast på denne sida.
Utnytting av snøen
Vi prøver å få utnytta snøen mest
mogleg før han forsvinn. Tysdag og onsdag i veke 14 er 5.-7. klasse på
overnattingstur på Rellingsætra. Laurdag i veke 14 var ungdomsskulen på
overnattingstur i snøhole i Gråsteindalen. Bilde frå turen til Gråsteindalen
finn de her.
Praktisk matematikk
Elevane i 5. og 7. klasse har
arbeidd med måleeiningar i løpet av den siste tida. Då måtte ein sjølvsagt ha
litt praktisk matematikk, og det vart laga til vaflar. Kjekt syntest både
elevane og læraren.
![]() |
![]() |
| Røre må ein ha! | Det må også vaskast opp. |
Skidag
Fredag 7. mars var det skidag for
Eidsdal skule. Elevar og lærarar var på Løvoll og hadde ein veldig kjekk dag.
Bilde frå dagen finn de her.
Karneval
Siste fredagen før vinterferien
hadde elevane i 1. - 4. klasse karneval. Bilde frå karnevalet finn de
her.
Matematikkens dag
Tysdag 5. februar var det
matematikkens dag ved Eidsdal skule, dvs. at heile skuledagen var sett av til
matematikkaktivitetar. Tema for dagen var sannsyn, kombinatorikk, brubygging og
problemløysing.
Bilde frå matematikkens dag finn du her.
| Refleksvestar Onsdag 3. oktober kom Johan Arnt Overøye frå Stranda og Norddal lensmannskontor med refleksvestar til 1.klassingane. Vi takkar Brødrene Tafjord og Storfjord Rørservice for refleksvestane. |
![]() |
Oppussing
I slutten av veke 6 og i
vinterferien blir det skifta tak på store blå, samt gangane til ungdomssteget og
mellomsteget. I samband med dette blir store blå sperra for elevar torsdag og
fredag i veke 6. Det fører til at 10. klasse må bruke andre klasserom desse
dagane.
Møte om Polenturen
Måndag 4. februar kl. 2000 blir det
møte om Polenturen for elevane i 9. og 10. klasse og deira føresette.
UKM (Ungdommens kulturmønstring)
9. og 10. klasse ved Eidsdal skule
skal arrangere UKM, saman med Norddal kommune søndag 27. januar 2008 kl. 1500 på
Røde Kors-huset i Eidsdal.
Alle mellom 10 og 20 år som ønskjer å vere med på UKM kan melde seg på via
www.ukm.no eller levere påmeldingsskjema til
servicetorget eller kulturskulerektor innan 20. januar. Påmeldingsskjema kan du
få hos servicetorget eller rektor på skulen.
Siste informasjonen før juleferien
Siste skuledag før juleferien er
torsdag 20. desember, bussane går heim att kl. 1200.
Første skuledag etter juleferien er torsdag 3. januar for alle klassene, med
unnatak for 1. og 2. klasse, som startar opp att fredag 4. januar. Lærarane vil
ha planleggingsdag onsdag 2. januar.
JULEVERKSTAD
Årets juleverkstad er lagt til onsdag
5. - fredag 7. desember. Informasjon om juleverkstaden kan de finne på denne
sida. På juleverkstadsida kjem vi
også til å leggje ut bilde etter kvar dag.
Kulturdag
Onsdag 7. november er det kulturdag
for elevane i Norddal kommune. Ungdomsskuleelevane er på Valldal skule, medan
mellomstegselevane er ved Eidsdal skule.
Aktivitetane for ungdomsskuleelevane er capoeira, rockegruppe, tresløyd, mat, klatring, kort/scrapbooking og digitalt fotokurs. Elevane på mellomsteget kunne velje mellom matlaging, elektronikk, måling, friluftsliv, teatersport, glaskunst og rockegruppe.
Bilde frå kulturdagen finn de her.
Referat frå årsmøtet i Foreldrerådet finn de her.
HAUSTDAGANE 2007
Her er litt informasjon om kva som
skjer på skulen dei to siste dagane før haustferien. På denne
sida kan de sjå kva vi gjorde på.
Torsdag 4. oktober (dei tre
siste timane):
Matfriminuttet: Fellesmåltid i gymsalen v/8. og 9. klasse
4. - 6. time: Fotballturnering for 3. - 10. klasse, lærarar og foreldre.
Hugs gode uteklede! Servering av frukt til alle.
Foreldre og sysken (evt. andre fotballinteresserte) er sjølvsagt hjarteleg
velkomne til å vere publikum. Kampane startar ca. 1145.
Fredag 5. oktober:
1. - 3. time: Mini-idrettsdag for 1. - 7. klasse. Hugs utegymklede!
Vanleg undervisning for ungdomsskulen.
Det vert servert vafler og sylte på alle klasserom i matpausen. Men det kan nok
vere lurt å ta med ein liten matpakke heimanfrå også.
4. - 6. time: 1. og 2. klasse: Folkevisedans i gymsalen, etterpå blir det
mat på klasserommet.
3. og 4. klasse: Reiser på symjing kl. 1130.
5. - 7. klasse: Skal vere på kjøkkenet og bake råmjølkskjeks og lære å lage
marsipanroser. Gunhild, Jannike og Anette blir med og hjelper oss. Ta med
forkle.
Ungdomssteget: "Stjerneorientering". Ta med klede til å vere ute i.
Vel møtt, helsing haustkomitéen!
BILDE FRÅ SEVERINBRAUTA
Ein kan finne mange gamle bilde frå Severinbrauta på heimesidene til det digitale fylkesfotoarkivet. (Kjelde: Storfjordnytt 7.3.07)
Oppskrift for å finne fram:
1. Gå inn på www.fylkesfoto.no
2. SØK BILDER
3. Avansert søk
4. Lokal signatur: FAKf-0678
Operasjon Dagsverk
Elevane på ungdomssteget var med på Operasjon Dagsverk fredag 26. oktober. Dei
innsamla midlane går i år til ungdommar i Honduras, Nicaragua og Guatemala.
Elevane våre arbeidde på ulike arbeidsplassar, bl.a. gardar i Eidsdal og
Norddal, butikkane i bygdene og barnehagen i Eidsdal.
![]() KMAA var i Eidsdal barnehage. |
![]() Det var også AIN. |
![]() SLK og IEI sat i kassa på COOP Eidsdal. |
![]() KKK styrte Joker Norddal denne fredagen. |
KONSERT TYSDAG 4. DESEMBER
Tysdag 4. desember kjem det konsertbesøk
siste timen. Konserten er for elevane i 1. - 7. klasse, men 1. klasse er ikkje
på skulen tysdagane. Dersom det er elevar i 1. klasse som ønskjer å vere med på
konserten, er dei hjarteleg velkomne til det saman med føresette.
Kulturelle aktivitetar
I løpet av vekene 42 - 44 blir det ein
del kulturelle opplevingar for elevane ved Eidsdal skule. Måndag 22. oktober er
det teater for barnesteget, teaterstykket heiter "Troll".
Tysdag 30. oktober er det konsert for ungdomssteget, temaet der er "Taube
Naturell". Konserten er kl. 0900 i Valldal.
Onsdag 31. oktober blir det nok ein tur til Valldal for ungdomsskulen, då er det
teaterstykket "Et rom for kjærlighet" som blir vist.
Måndag 5. november kjem "Planetariet" til Eidsdal skule. Det blir 2
førestillingar: ei kl. 1125 og ei kl. 1230. I tillegg til våre elevar i 3. - 10.
klasse, kjem det elevar frå Dalsbygda skule og barnehage.
Meir informasjon om desse førestillingane får de ved å klikke på lenken til
"Kultursekken - Eidsdal" i kolonna til venstre.
ÅRSMØTE I FORELDRERÅDET
torsdag 4. oktober kl. 2000 på
Musikkrommet.
Sakliste:
1 Godkjenning av innkallinga og saklista
2 Val av to personar til å skrive under protokollen
3 Årsmelding
4 Rekneskap
5 Val av leiar
6 Val av nestleiar
7 Skuleinformasjon
8 Eventuelt
- konstituering av FAU rett etter møtet.
Dersom nokon har saker dei ynskjer å ta opp på årsmøtet, må dei ta kontakt med Heidi Melchior før 20. september.
Vi ynskjer alle foreldre vel møtt til årsmøte!
Dei nye klassekontaktane vert bedne om å ta med litt mat og ei kanne kaffi. - Styret
SFO
På grunn av auke i talet på elevar
som vil ha plass på SFO, har vi bestemt å flytte frå lokalet i barnehagen til
nyavdelinga på skulen. Dette blir gjeldande frå måndag 3. september 2007. SFO-dagane blir då måndag, onsdag og fredag. Meir informasjon om SFO finn de ved
å trykke på knapperada til venstre.
NASJONALE PRØVER HAUSTEN 2007
Hausten 2007 blir det starta opp att
med nasjonale prøver for 5. og 8. klasse. Det er nasjonale prøver i lesing,
rekning og engelsk. Lesing og rekning er skriftlege, medan engelsk er på nettet.
Informasjon om dei nasjonale prøvene er sendt som ranselpost med elevane i dei
aktuelle klassene. Meir informasjon kan de finne på
internett.
Plan for nasjonale prøver hausten 2007:
Torsdag 6. september - engelsk 5. klasse
Torsdag 20. september - lesing 5. og 8. klasse
Tysdag 25. september - rekning 5. og 8. klasse
Fredag 28. september - engelsk 8. klasse
KLASSEFORELDREMØTE HAUSTEN 2007:
Måndag 27.08. - 3. og 4. klasse - kl
.2000 på musikkrommet
Tysdag 28.08. - 5. - 7. klasse - kl. 2000 på musikkrommet
Onsdag 29.08. - 1. og 2. klasse - kl. 2000 på klasserommet
Torsdag 30.08. - 8. og 9. klasse - kl. 2000 på lille blå
Tysdag 04.09. - 10. klasse - kl. 2000 på store blå
SKULEFRUKT
Alle skular som har ungdomsskule får frå
og med dette skuleåret gratis skulefrukt til alle elevane. Ordninga startar
tysdag 21. august ved Eidsdal skule.
STORMØTE
Stormøtet var torsdag 24. mai kl. 2000 på musikkrommet.
Protokollen finn de her.
SU-møte 26. april. Her finn du PROTOKOLLEN.
Referat frå SU-møte 14. mars her.
Protokoll frå SU-møtet 28.02.07 kan de finne her.
NASJONAL HOVUDLUSKAMPANJE
Eidsdal skule er med i den nasjonale
hovudluskampanjen helga i veke 35. Skulen har kjøpt inn lusekammar til alle
elevane. Kammane er sendt heim med elevane, saman med eit skriv om kampanjen.
Meir informasjon kan de finne på heimesida til organisasjonen "Lusfri Norge" -
www.lusfrinorge.no
FJELLTUR
Ungdomsskulen skal på fjelltur denne
veka. Førebels plan er overnatting på Herdalen frå tysdag til onsdag, så blir
det tur over til Kaldhussætra onsdag. Torsdag blir det ein tur på Fetegga, dei
mest ivrige tar seg kanskje ein tur på Storfjellet. Retur med buss frå Kaldhussætra kl. 1800 torsdag. Ferje kl. 1840 eller 1900 frå Linge.
LEIRSKULE PÅ BJØRNSUND
8. og 9. klasse
er på leirskule på Bjørnsund i veke 12. Meir informasjon om leirskulen
finn de på heimesida deira, samt
at alle elevane har fått med seg informasjonsbrosjyre frå skulen. Avreise frå Eidsdal
på ferja kl. 0830. Elevane er tilbake fredag ettermiddag, tidspunktet er litt
usikkert enno. Avreise frå Bjørnsund på fredag er kl. 1000, slik at vi reknar
med at dei kjem heim att på skulebussen.
På heimesida til leirskulen kan ein finne bilde frå aktivitetane dei var med på. Det vart lagt ut bilde tysdag 20. mars kl. 2219. I tillegg har vi lagt ut bilde som elevar og lærarar har tatt, dei bilda kan de finne her!
SKIDAG!
Måndag 5. mars blir det skidag på Lilleås for elevane ved Eidsdal skule. 10. klasse er ansvarlege for planlegginga
av skidagen, dei jobbar med eit prosjekt i kroppsøvingstimane.
Opplegg for dagen:
0830 Avreise frå skulen
0915-1100 Aktivitetar i grupper
- 1. - 4. klasse: Skileik med aktivitet i løype og bakke
- 5. - 10. klasse (langrenn): Hopp, kular og staup m.m.
- 5. - 10. kllasse (slalåm): Instruksjon, portar, hopp m.m.
1100-1145 Matpause
1145-1330 Fri aktivitet i løype og bakke
1330 Buss heim
Alle må ha med:
- Skiutstyr etter kva aktivitet ein skal vere med på. Gjerne hjelm i bakken.
- Fornuftige klede til å vere ute i ein heil dag.
- Solbriller og solkrem.
- Godt med mat og drikke.
- Og sjølvsag: GODT HUMØR OG POSITIV INNSTILLING!!
STØNNT
Onsdag 28. februar og fredag 1.
mars blir det rytmiske aktivitetar for 8. og 9. klasse ved Eidsdal skule og 8.
klasse ved Valldal skule. Vi får besøk av Jon Inge Nes og Gry Lille-Homb, som
vil arrangere STØNNT-kurs for elevane. Meir informasjon om STØNNT kan de finne
her.
Alle elevane i 8. og 9. klasse må ta med seg ei plastbøtte på onsdag og fredag, ho skal brukast under kurset.
FRAMSYNING! Elevane vil ha ei framsyning kl. 1230 i gymsalen fredag. Framsyninga er open for alle interesserte. Kom og sjå kva elevane har lært desse to dagane.
Skulekonsert
Torsdag 15. februar kl.
0900 er det skulekonsert på musikkrommet ved Valldal skule for
ungdomsskuleelevane. Det er "Hot club de Norvege" som skal spele. Temaet er "Django
Reinhardt og sigøynernes lange reise - ei skoleforestilling".
SU-referat frå 02.11.06 er lagt ut.
Operasjon Dagsverk
Elevane ved Eidsdal
skule var med på OD fredag 27. oktober, bilde frå denne dagen finn de
her.
Kulturdag
Det var kulturdag
for mellomsteget og ungdomssteget onsdag 15. november, mellomsteget var på Valldal skule og ungdomssteget
var på Eidsdal skule.
Bilde og informasjon frå mellomsteget sine aktivitetar i Valldal kan de finne på heimesidene til Valldal skule. Bilde frå aktivitetane i Eidsdal finn du på denne sida.
Animasjonar frå Kulturdagen er lagt ut på denne sida.
Juleverkstad ungdomsskulen. Ungdomsskulen skal ha juleverkstad måndag, tysdag og onsdag i veke 51. Måndag blir utedag, då blir det bl.a. juletrehogst og vedhogst. Tysdag blir det aktivitetar på skulen. Onsdag blir det aktivitetar på skulen første delen av dagen, siste halvdelen blir det juletregang og skulegudsteneste.
Skulegenser. Bestillingsskjema er sendt med elevane heim, bestillingsfrist er 15. desember. De kan også bestille på internett: www.university.no, skulenummeret er 01051R.
Kulturskulekonsert. Onsdag 13. desember kl. 1300 vil kulturskuleelevane halde konsert på musikkrommet. Alle elevane og lærarane er hjarteleg velkomne.
Nissemarsj. Onsdag 13. desember blir det forlenga skuledag for 5.-10. klasse, bl.a. blir det nissemarsj kl. 1600. Vi går ned til omsorgsbustadane, der har vi ei programøkt med song og musikk. Buss heim att kl. 1800. Skriv er sendt med elevane heim.
HAUSTVEKA. I veke 40 vart det arrangert haustveke ved Eidsdal skule. I løpet av denne veka var det fleire arrangement som er litt uvanlege i forhold til den daglege skuledagen.
Program for haustveka:
Måndag 2. oktober
1.-3. time: Open dag med foreldrebesøk
Matfriminuttet: Kafé på naturfagrommet
4.-6. time: Fotballturnering med elevar, foreldre og lærarar
Tysdag 3. oktober:
kl. 0900: Møte med regissør Gunhild Asting - ungdomsskulen.
4.-6. time: "Mini-idrettsdag" for 2.-7. klasse
Fredag 6. oktober:
Utvida matfriminutt med fellesmåltid i gymsalen
4.-6. time: Pensjonistar fortel om leikar/aktivitetar frå gamle dagar, samt at
ein skal ut og leike desse leikane.
Bilde finn de her!
Foreldremøte. Foreldre til elevar ved Eidsdal skule er invitert til foreldremøte om Kunnskapsløftet. Foreldremøtet er på Union Hotel i Geiranger onsdag 25. oktober kl. 1900. Foredragshaldar er Severin Roald og temaet er ny læreplan i skulen - Kunnskapsløftet.
Tafjordfjellturen2006.
Her finn de bilde og informasjon frå turen ungdomsskuleelevane hadde i Tafjordfjella tidlegare i haust.
Refleksvestar. Onsdag 20. september fikk elevane i 1. klasse refleksvestar frå politiet. Meir informasjon her.
Orienteringsdag. Fredag 22. september var det orienteringsdag på Lilleås for 5.-7. klasse ved Dalsbygda skule, Eidsdal skule og Tafjord skule. Bilde frå denne kjekke dagen.
Tur til Kulturkvartalet i Ålesund. Ungdomsskulen var på tur til Kulturkvartalet i Ålesund tysdag 19. september. Meir om det dei opplevde kan de finne her.
SU-møte. Det blir sendt ut innkalling til SU-møte torsdag 14. september kl. 2000 på helsesøsterrommet. Innkallinga med sakliste og vedlegg blir sendt ut til medlemmane i SU.
Av aktuelle saker kan vi nemne val, møteplan, pedagogisk utvikling, ordensreglane, økonomi. Referat finn de her.
Tur til Kallskaret. 10. klasse var på geologitur til Kallskaret torsdag 7. september. Bilde frå turen.
Tur til Flåna. 3. - 7. klasse var på tur til Flåna 29. august, bilde finn de på denne sida.
Verdsarvmarkering. Måndag 12. juni blir det verdsarvmarkering i Geiranger. Elevar frå Eidsdal skule vil delta på ulike måtar: Verdsarvkor, korps og som publikumarar. Elevane har fått informasjon med seg heim om endring av skuledagen. I tillegg til markeringa på ettermiddagen blir det middag på Union Hotel om kvelden, der har Steffen frå 9. klasse vorte vald som representant for Eidsdal.
Slåttedag. Torsdag 8. juni var det slåttedag på Severinbrauta for 5.-7. klasse ved Eidsdal skule, Dalsbygda skule og Tafjord skule. Fredag 9. juni var det ungdomsskuleelevane frå Eidsdal skule som tok si tørn i slåttemarka.
Trafikkdag. Fredag 12. mai arrangerte skulen trafikkdag for elevane i barneskulen. Det vart fokusert på gå-knappen for 1. - 4. klasse og sykkel-knappen for 5.-7. klasse. Vi fikk besøk av lensmannsbetent Overøye. Bilder og meir informasjon om trafikkdagen kjem etter kvart.
Forfattarbesøk. Fredag 28. april hadde 8. klasse besøk av forfattar Karin Kinge Lindboe. Ho snakka litt om sitt forfattarverk og om korleis det er å skrive bøker, samt at ho las frå bøkene ho hadde skrive.
Open klassefest. Torsdag 6. april kl. 2000 inviterte 9. og 10. klasse ved Eidsdal skule til ein open klassefest. Bilde og informasjon om festen finn de på denne sida.
Kulturdag. Fredag 17. mars arrangerte Eidsdal skule kulturdag. Mellomstegselevane frå heile kommunen var samla ved Eidsdal skule til ulike aktivitetar denne dagen, medan ungdomsskuleelevane våre flykta til Dalsbygda. Bilde og informasjon frå mellomsteget sine aktivitetar finn de her. Ungdomsskulen var hadde ulike aktivitetar i Norddal, meir om aktivitetane her.
Skidag for 5. - 10. klasse. Torsdag 9. mars hadde Eidsdal skule skidag på Strandafjellet for 5. - 10. klasse. Bilde frå turen finn de på denne sida.
Ekornes i 100. Vi hadde skulekonsert onsdag 8. mars, med besøk av Kenneth Ekornes. Bilde og informasjon frå konserten finn de her.
Matematikkdag. Tysdag 7. februar var det matematikkens dag ved Eidsdal skule, alle elevane arbeidde med matematikkrelaterte oppgåver heile dagen. Tema for dagen var origami (papirbretting), tessellering (flislegging) og spel.
Bilde og informasjon frå dagen kan de finne på desse sidene: ungdomsskulen - 3.-6. klasse. Lenkane vi brukte på matematikkens dag finn de på denne sida.
Verdsarv. Eidsdal skule hadde besøk av prosjektleiar Katrin Blomvik frå prosjekt Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap måndag 30. januar 2006. Ho informerte om og fikk innspel til prosjektet. Meir om verdsarvstatusen kan de finne på desse sidene.
Skeisedag. Torsdag 5. januar reiste 3.-10. klasse opp til Eidsvatnet for å gå på skeiser.
Julegraut. Vi åt mykje graut fredag 16. desember.
Juleverkstad. Her kan de sjå kva barnesteget gjorde på juleverkstaden måndag 12. desember.
Ordensreglane. SU vedtok nye ordensreglar i møtet tysdag 15. november. Dei nye ordensreglane kan de finne her!
Skulefrukt. Då er det klart for bestilling av skulefrukt for våren 2006, leverandøren vår er fortsatt Økologisk skulefrukt. Bestillingssida finn de her.
UKM2006. Ungdommens kulturmønstring blir arrangert søndag 5. februar 2006 kl. 1500. Staden er gymsalen ved Eidsdal skule og arrangør er 9. klasse ved skulen.
Alle kulturinteresserte ungdommar mellom 10 og 20 år kan delta. Musikk, drama, dans, kunst osv. Påmelding innan 20. januar på www.ukm.no eller til servicetorget i Valldal og kulturskulerektoren. Påmeldingsskjema kan de få hos rektor på skulen eller servicetorget i Valldal.
Tentamen. Vi har utarbeidd eit nytt tentamensreglement, mykje på grunn av at vi brukar data på tentamen. De kan last ned reglementet her.
SU-møte. Tysdag 15. november var det møte i Samarbeidsutvalet ved Eidsdal skule. Saker til møtet finn de på denne sida og referatet frå møtet kan de finne her..
Operasjon Dagsverk 2005. Elevane ved ungdomsskulen var med på Operasjon Dagsverk torsdag 27. oktober. Meir om dette kan de finne på denne sida.
"Det lydlause kor". Vi har hatt besøk av utstillinga "Det lydlause kor" og i samband med dette har elevane arbeidd i kunst og handverkfaget med dette som tema. Døme på resultat av elevane sitt arbeid finn de her!
Torsdag 6. oktober hadde vi ha fellesmåltid i gymsalen kl. 11.00 - 11.30. Bilder og informasjon vil de finne på denne sida.
Onsdag 5. oktober fikk 1. klasse besøk av lensmannsebetjent Johan Arnt Overøye. Han hadde med seg refleksvestar til dei, meir om dette kan de finne på denne sida.
Fredag 23. september var 8. klasse på geologitur til Kallskaret. Informasjon og bilde kan de finne her!
Biblioteket vårt har fått ei oppshining. Bilde og informasjon om biblioteket finn de her.
Skuleval ved Eidsdal skule. Resultat og informasjon finn du her.
Skulevurdering. Norddal kommune er medlem i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion. Eit av prosjekta der er ekstern skulevurdering, dvs. at lærarar frå andre kommunar kjem for å vurdere skulane i Norddal kommune.
Hausten 2005 er Eidsdal skule utvald som vurderingsskule. I veke 43 var Karin Håvik Eide frå Sula kommune og Berit Breivik Giske på Eidsdal skule for å vurdere skulen. Eidsdal skule hadde valt temaet "Samspel i skulen med fokus på elevmiljøet".
Elevar i 5. - 10. klasse og foreldra til alle elevane på skulen har fått spørjeskjema som dei skulle fylje ut. Lærarane har også fått skjema som dei skal bruke under skulevurderinga. I tillegg var Karin og Berit på skulen måndag - onsdag i veke 43 for å observere korleis vi har det. Dei observerte inne i klassene, var ute i friminutta og samtalte med elevar og lærarar. Resultatet av skulevurderinga fikk vi i form av ein rapport i veke 44.
Skulen har starta på eit prosjekt med delt administrasjon. Det er 3 av lærarane: Geir Olav Øien, Ragnhild Solli Grønningsæter og Øivind Eide som skal dele på den administrative ressursen. Meir informasjon kan de finne her. Foreldre og elevar blir informert på eigne møte.
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 31.08.08