Norddal
kommune

EIDSDAL SKULE
6215 Eidsdal
Tlf. 70 25 96 00 - faks 70 25 96 10
e-post:
geoi@norddal.kommune.no


SU-møte 26. april. Her finn du PROTOKOLLEN.

Prøveeksamen
10. klasse skal øve seg til eksamen, dette skal skje desse dagane:
Onsdag 25. april - norsk teksthefte
Torsdag 26. april - førebuing engelsk
Fredag 27. april - engelsk
Fredag 4. mai - matematikk
Måndag 7. mai - norsk langsvar

Helsesøster har ikkje treffetid desse tysdagane: 24. april og 8. mai. Ho har ekstra treffetid torsdag 26. april kl. 12 - 13.

Referat frå SU-møte 14. mars her.

SKULEKONSERT
Onsdag 18. april kl. 1300 er det skulekonsert ved Eidsdal skule. Konserten er for 1. - 7. klasse. 3. og 4. klasse er ikkje på skulen denne dagen, men dei kan møte på konserten viss dei ønskjer det. Konserten heiter "Klangbein" og meir informasjon om han finn de på lenken til venstre, som heiter "Kultursekken - Eidsdal".

I tillegg til elevane frå Eidsdal skule, kjem elevar frå Dalsbygda skule og barnehage og Geiranger skule.

TENTAMEN
8. og 9. klasse skal ha tentamen når 10. klasse er på Polentur, samt at 7. klasse blir med på prøvetentamen dei tre første dagane. Planen for dagane er slik:
Måndag 16. april - Norsk teksthefte
Tysdag 17. april - Matematikk
Onsdag 18. april - Engelsk
Torsdag 19. april - Norsk langsvar
Fredag 20. april - Tilvalsfag; dei 3 siste timane

SYMJING
Ein ny periode med symjing startar opp i veke 13. Det er 1. og 2. klasse og 5.-7. klasse som skal ha symjing i denne perioden. For 1. og 2. klasse blir første symjetime fredag 30. mars, medan 5.-7. klasse ventar til etter påske med sin første time (12. april). Meir informasjon blir sendt heim med dei aktuelle elevane.

LEIRSKULE PÅ BJØRNSUND
8. og 9. klasse er på leirskule på Bjørnsund i veke 12. Meir informasjon om leirskulen finn de på heimesida deira, samt at alle elevane har fått med seg informasjonsbrosjyre frå skulen. Avreise frå Eidsdal på ferja kl. 0830. Elevane er tilbake fredag ettermiddag, tidspunktet er litt usikkert enno. Avreise frå Bjørnsund på fredag er kl. 1000, slik at vi reknar med at dei kjem heim att på skulebussen.

På heimesida til leirskulen kan ein finne bilde frå aktivitetane dei var med på. Det vart lagt ut bilde tysdag 20. mars kl. 2219. I tillegg har vi lagt ut bilde som elevar og lærarar har tatt, dei bilda kan de finne her!

Protokoll frå SU-møtet 28.02.07 kan de finne her.

SU-møte
Det er møte i samarbeidsutvalet ved Eidsdal skule onsdag 14. mars kl. 1415 på helsesøsterkontoret. Medlemmene i samarbeidsutvalet har fått innkallinga.

Aktuelle saker:
- Organisering av skuledagen

BILDE FRÅ SEVERINBRAUTA

Ein kan finne mange gamle bilde frå Severinbrauta på heimesidene til det digitale fylkesfotoarkivet. (Kjelde: Storfjordnytt 7.3.07)

Oppskrift for å finne fram:
1. Gå inn på www.fylkesfoto.no
2. SØK BILDER
3. Avansert søk
4. Lokal signatur: FAKf-0678

TEKNOLOS
10. klasse får besøk av 2 matematikkstudentar frå NTNU onsdag 7. mars. Dei vil ha eit matematikkprosjekt saman med elevane.

SKIDAG!
Måndag 5. mars blir det skidag på Lilleås for elevane ved Eidsdal skule. 10. klasse er ansvarlege for planlegginga av skidagen, dei jobbar med eit prosjekt i kroppsøvingstimane.

Opplegg for dagen:
0830 Avreise frå skulen
0915-1100 Aktivitetar i grupper
- 1. - 4. klasse: Skileik med aktivitet i løype og bakke
- 5. - 10. klasse (langrenn): Hopp, kular og staup m.m.
- 5. - 10. kllasse (slalåm): Instruksjon, portar, hopp m.m.
1100-1145 Matpause
1145-1330 Fri aktivitet i løype og bakke
1330 Buss heim

Alle må ha med:
- Skiutstyr etter kva aktivitet ein skal vere med på. Gjerne hjelm i bakken.
- Fornuftige klede til å vere ute i ein heil dag.
- Solbriller og solkrem.
- Godt med mat og drikke.
- Og sjølvsag: GODT HUMØR OG POSITIV INNSTILLING!!

STØNNT
Onsdag 28. februar og fredag 1. mars blir det rytmiske aktivitetar for 8. og 9. klasse ved Eidsdal skule og 8. klasse ved Valldal skule. Vi får besøk av Jon Inge Nes og Gry Lille-Homb, som vil arrangere STØNNT-kurs for elevane. Meir informasjon om STØNNT kan de finne her.

Alle elevane i 8. og 9. klasse må ta med seg ei plastbøtte på onsdag og fredag, ho skal brukast under kurset.

FRAMSYNING! Elevane vil ha ei framsyning kl. 1230 i gymsalen fredag. Framsyninga er open for alle interesserte. Kom og sjå kva elevane har lært desse to dagane.

Skulekonsert
Torsdag 15. februar kl. 0900 er det skulekonsert på musikkrommet ved Valldal skule for ungdomsskuleelevane. Det er "Hot club de Norvege" som skal spele. Temaet er "Django Reinhardt og sigøynernes lange reise - ei skoleforestilling".

sist oppdatert 02.05.07

 
Informasjon om skulen
Halvårsplan v07
Skulerute 2006/2007
Planar ungdomsskulen
Planar barnesteget
Elevrådet
Samarbeidsutvalet
FAU
Fagsider
Arkiv - gamle saker
Gyldendals ABC
Kultursekken - Eidsdal
Elevundersøkinga
Logg på FirstClass

Helsesøster kan treffast på helsesøsterkontoret i 1. etasje, kvar tysdag mellom kl. 9 og 10.

Aktivitetar veke 18:
Måndag 30. - Skulefri dag
Tysdag 1.
- 1. mai = fridag
Onsdag 2.
- Særarbeid 3 siste timane - 10. klasse
Torsdag 3. - Særarbeid 3 første timane - 10. klasse
Torsdag 3. - Symjing - 5.-7. klasse
Fredag 4. - Matematikk prøveeksamen - 10. klasse
Fredag 4. - Besøk på Tafjord kraft - 8.og9. klasse
Fredag 4. -  Symjing - 1. og 2. klasse

Aktivitetar veke 19:
Måndag 7. -
Norsk langsvarprøveeksamen - 10. klasse
Onsdag 9.
- Elevrådsmøte i 3. time
Torsdag 10. - Symjing - 5.-7. klasse
Fredag 11. - Symjing - 1. og 2. klasse

Aktivitetar veke 20:
Måndag 14. -
Opplysing om trekkfag til eksamen kl. 1300 - 10. klasse
Tysdag 15.  -
Ev. førebuingsdag til engelsk/matematikkeksamen - 10. klasse
Onssdag 16. -
Ev. engelskeksamen - 10. klasse
Torsdag 17. -
Frigjeringsdagen - fridag
Fredag18. -
Skulefri

Startsider:
- ABC Startsida
- SOL
- NRK
- Skulenettet
- Skoleplassen
- European Schoolnet
-
CIA World Factbook

Oppslag:
- CAPLEX

- Ordbok

Diverse:
utdanning.no - god side for alle som er i skulen
- Multimediabasen - 4000 bilde, 500 lydfiler, animasjonar og videoar, alt er gratis til bruk i skulen og i heimen!
- Nettvett.no - om korleis ein bør oppføre seg på nettet.

Lokale lenkar:
- Norddal kommune
- Tafjord skule
- Dalsbygda skule 
- Valldal skule
- Valldal Naturoppl.
- Petrines Gjestgiveri
- Jordbærstova
- NorddalsNett

- Storfjordnytt
- Tafjordportalen

Andre linkar:
- LUFS
- Globalskolen
- AV-senteret
   * Nettbiblioteket
   * Prosjektarbeid
   * Linkar (fag)
   * Ressurssidene
- Høgskulen i Volda
- forskning.no 
- Gruble.net
- Fagsider Trondheim
- Godøy skule
- Pilot
- Fylkesmannen M&R
- Tilskudd.no

- Juul forlag - fiske og livet i sjøen
 

Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.