Utleigeføresegner - Eidsdal skule
FØRESEGNER FOR BRUK AV SKULEN ETTER SKULETID
Alle som leiger skulen skal:
1) Bruke berre dei romma som det er gjort avtale om.
2) Passe på at uvedkomande ikkje har tilgjenge.
3) Sjå til at det ikkje vert røykt eller nytta alkohol.
4) Slå av lysa, late att vindauga og låse dørene når aktiviteten er slutt.
5) Syte for at inventar og læremiddel kjem på rett plass etter bruk.
Leigetakarar har erstatningsansvar dersom læremiddel, inventar eller anna vert skadd eller øydelagd.
NB! I gymsalen det forbode å nytte sko som set merke på parketten!!!
NB!! Det er forbode å bruke fotballsko i skulebygget. Fotballsko skal heller ikkje takast med inn i garderoben, og slett ikkje vaskast i dusjen!!!
REINHALD
Faste lånetakarar slepp å vaske etter seg. Lånetakarar som nyttar skulen i samband med særskilte arrangement, vaskar etter seg etter avtale.
Reinhaldar set ut vaskeutstyr i gangen nede, utanfor garderobane. Elles kan ein finne noko vaskeutstyr i skåpet på kjøkkenet (ved C-kjøkkenet), og i vaskerommet ved gymsalen.
BROT PÅ INSTRUKS
Leigetakarar som gjentekne gongar får påtale for brot på instruks, vert bøtelagde med kr. 100,-. Dersom det ikkje vert endring etter dette, misser ein retten til å låne skulen for resten av skuleåret.
Nøklar skal leverast inn når skuleåret er slutt, eller når ein leigeperiode ev. sluttar.
Eidsdal skule, 26.9.97
Merete Løvoll Rønneberg
Nettansvarleg er Geir Olav Øien. Ta kontakt via e-post eller tlf 70 25 96 01 om de ser feil på sidene.
sist oppdatert 19.09.07